Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb der du får skape gode møte mellom kyrkja og barn, unge og familiar? Under finn du meir informasjon om den utlyste stillinga som kyrkjelydspedagog / kyrkjelydsarbeidar.
KYRKJELYDSPEDAGOG / KYRKJELYDSARBEIDAR i Masfjorden
Masfjorden Sokn, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes
Om jobben
Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb der du får skape gode møte mellom kyrkja og barn, unge og familiar – og formidle kristen tru på ein trygg, kreativ og inkluderande måte? Då kan stillinga som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar vere noko for deg!
Oppstart: Etter avtale
Stillingstittel: Menighetsarbeider
Type ansettelse: Fast, deltid 50-70%
Arbeidstid: Dagtid og kveld, alle dagar
Søk på jobben
Søk seinast onsdag 30. september
Send søknad til: kyrkjeverja@kyrkjaimasfjorden.no
Kva ser vi etter
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du som søkjer må
- ha vilje og evne til samarbeid og formidling
- kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
- ha evne til å arbeide med ulike aldersgrupper, og særskilt barn og unge
- være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
- beherske data som arbeidsverktøy
- ha førarkort og disponere bil
- vere medlem av Den norske kyrkja
- ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
- Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
Til denne stillinga (50%) ligg for tida fylgjande oppgåver:
- Planlegging og gjennomføring av samlingar for barn og unge i alderen 0-13 år som t.d. dåpsskule, utdeling av kyrkjebøker, samarbeid med skulane/barnehagane, Tårnagenthelg og Lys Våken.
- Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp.
- Det kan også verta aktuelt med kyrkjelydstilbod for andre aldersgrupper.
- Konfirmantarbeid (20%) saman med prest og evt. andre tilsette/frivillige
Ein ynskjer at kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar skal ha fridom til å utforme eit tilbod basert på eigne interesser og kvalifikasjonar. Men ein føreset at arbeidet skjer innan dei rammene som fellesrådet set, og at det innhaldsmessig skjer i samråd med sokneprest.
Skriv i søknaden om du søkjer på heile eller delar av stillinga.
Vi tilbyr
- Ei interessant og spanande stilling
- Løn på bakgrunn av utdanning og erfaring, etter KA sine satsar
- Medlemskap i KLP
Kontaktperson for stillinga
Eli Eidsnes
kyrkjeverje
90613515
kyrkjeverja@kyrkjaimasfjorden.no
Om bedrifta
Litt om Masfjorden sokn
- 81,2% av kommunen sine 1672 innbyggarar er medlemer i Den norske kyrkja. Oppslutninga om kyrkja sitt kyrkjelydsarbeid for barn og unge er god. Årets konfirmantkull tel 20 konfirmantar.
- Det er tre kyrkjer i soknet; Frøyset, Sandnes og Solheim. I tillegg ligg Fjon fjellkyrkje og ungdomssenter i soknet.
- Kyrkjeverja vil vere næraste leiar.
Nettstad: https://www.masfjorden.kyrkja.no/
Facebook: https://www.facebook.com/kyrkjaimasfjorden