Vigsel
Å inngå ekteskap er ei offentleg handling der to i nærvere av vitne gjev kvarandre eit løfte om at dei vil leve saman resten av livet. Det er ei høgtideleg handling, og midtpunktet er desse to som har felles mål og visjonar for livet.
Den norske kyrkja har publisert ein del informasjon om vigsel i regi av kyrkja. Den kan du finne ved å peike og klikke her.
Kyrkja i Masfjorden vil gjerne bidra til at denne gledesstunda får ei vakker og verdig innramming, og inviterer dei som måtte ynskje å gifte seg i Masfjorden, til å ta kontakt med kyrkjekontoret.