Administrasjonsutvalet
Administrasjonsutvalet er eit partssamansett utval, med to representantar for soknerådet og ein representant for dei tilsette. Administrasjonsutvalet førebur saker knytt til personalforvaltning for fellesrådet, og kan få mandat til å ta avgjerd i saker, dersom fellesrådet har gjeve utvalet fullmakt til dette. Desse er medlemer i administrasjonsutvalet:
- Rune Garmann, soknerådsmedlem
- Dina Merete Kallestad Dyrhovden, soknerådsmedlem
- Helga Ekehaug, tilsett
Arbeidsutvalet
Arbeidsutvalet er sett saman av sokneprest, kyrkjeverje og leiar av soknerådet. Arbeidsutvalet er eit ad hoc-utval som går gjennom saker etter kvart som dei kjem opp, og hjelper kyrkjeverja med å førebu saker som skal fremjast for sokneråd og fellesråd. Desse er medlemer i arbeidsutvalet
- Torbjørn Sæle, sokneprest
- Eli Eidsnes, kyrkjeverje
- Rune Garmann, leiar i soknerådet