Konfirmasjon
Konfirmant til hausten?
Velkomen til eit kjempespanande år som som konfirmant i kyrkja i Masfjorden! Kanskje har du mange spørsmål om kva dette går ut på? Vi skal prøve å svare så godt vi kan. Alle opplysingar om konfirmantopplegget for 2026/27 kjem vi til å samle på denne sida.
Verdt å vite om kyrkjeleg konfirmasjon
- Alle ungdomar er velkomne til konfirmasjonstida i kyrkja.
- Påmelding til konfirmasjonstida finn du her: PÅMELDING 2026/27
- Konfirmasjonstida varer i åtte månader og endar med konfirmasjonsdagen + konfirmantfest litt seinare.
- Det vanlegaste er å bli konfirmert det året du går i niande klasse.
- Det blir ikkje stilt krav til kva du meiner eller kva du trur for å melde deg på.
- Du må vere døypt for å bli konfirmert. Du kan bli døypt i løpet av konfirmasjonstida.
- Du får lære om kristen tru, men òg om tema som klima, rettferd, sex og identitet. Du får tenkje kritisk og finne ut kva du trur på.
- Konfirmasjonsundervisninga er gratis, medan leir ofte kostar pengar. NB! Her finns det økonomiske støtteordningar.
- Ta gjerne kontakt med konfirmantansvarleg for å snakke om behov for økonomisk støtte, tilrettelegging, praktiske spørsmål eller bekymringar.
Viktige datoar
2026: Oppstart - presentasjonsgudstenester
13. august: Felles orienteringsmøte for alle konfirmantar og foreldre/føresette, Frøyset kyrkje kl. 18:00
16. august: Presentasjonsgudsteneste for Sandnes konfirmantar, Sandnes kyrkje kl 11:00
27. august: Oppstart samling for alle konfirmantar i Masfjorden, Frøyset kyrkje, kl 17:15
30. august: Presentasjonsgudsteneste Solheim konfirmantar, Solheim kyrkje kl 11:00
30. august: Presentasjonsgudsteneste Frøyset konfirmantar, Frøyset kyrkje kl 14:00
2027: Konfirmasjonsgudstenester
25. april: Konfirmasjon Sandnes kyrkje kl 11:00
02. mai: Konfirmasjon Solheim kyrkje, kl 11:00
09. mai: Konfirmasjon Frøyset kyrkje, kl 11:00
Kontaktperson for konfirmantundervisninga
Bjørn Dalsgård Nygård, sokneprest i Masfjorden
e-post: ekbjny@kyrkjaimasfjorden.no
mobil: 41 25 95 86
Artiklane nedunder handlar om konfirmasjon og konfirmasjonsførebuing i Masfjorden.