Råd og utval


Arbeidet i Den norske kyrkja i Masfjorden er styrt av nokre råd og utval. Desse kan ein få meir informasjon om ved å fylgje peikarane nedunder.

Sokneråd og fellesråd er oppretta i tråd med Lov om den norske kyrkja. Kvart sokn skal ha eit sokneråd, og kvar kommune eitt fellesråd. Oppgåvene for sokneråd og fellesråd er skildra i denne lova.

Kyrkjeutvala er lokalt forankra, og eit resultat av samanslåingsprosessen som førde til at Frøyset, Sandnes og Solheim sokn frå 1. januar 2020 vart eitt Masfjorden sokn.

Andre utval vert oppretta etter behov for å forenkle arbeidet for sokneråd og fellesråd.