Styringsorgan
Det er mange instansar som er med på å leggje rammene for arbeidet i kyrkja :
Stortinget legg føringar gjennom å fastsetje lover som gjeld for kyrkja, og ved å bestemme storleiken på den statlege delen av kyrkjefinansieringa.
Kyrkjemøtet er Den norske kyrkja sitt øvste organ, og legg føringar på korleis det kyrkjelege arbeidet skal drivast. Ein kan lese meir om kyrkjemøtet ved å peike og klikke her.
Arbeidet i Den norske kyrkja i Masfjorden skjer i samarbeid med Masfjorden kommune i tråd med ein eigen samarbeidsavtale - denne kan ein lese ved å peike og klikke her - og vert styrt av Masfjorden sokneråd og fellesråd, i samarbeid med fleire underutval. Nedunder finn ein peikarar til meir informasjon om dei lokale råd og utval, samt ein peikar til informasjon om soknemøtet, som etter lova skal uttale seg og kome med tilrådingar i særskilte saker.
Dessuten finn ein peikarar til ein del av dei viktigaste styringsdokumenta som set rammer for arbeidet i Den norske kyrkja i Masfjorden.