Soknemøte om ny salmebok


Sandnes og Solheim sokn har hatt soknemøte og gjort vedtak om å ta i bruk ny salmebok. Frøyset sokneråd kallar inn til soknemøte etter gudstenesta 16.mars, og tilrår også å gjere det same.

 

Ny salmebok

Kyrkja har fått ny salmebok, og første søndag i adventstida var den offisielle datoen då Norsk salmebok (N13) vart teken i bruk. Forlaget er alt i gang med sitt tredje opplag, og over 65 000 bøk er solgt til kyrkjelydar og privatpersonar over heile landet. 

Salmar på Slottet
Mandag 25. november var kyrkjerådsdirektør Jens-Petter Johnsen og biskop Helga Haugland Byfuglien i audiens hos HM Kongen. Også Majesteten og hans familie er med på salmefest når dei no har fått kvar sin nummererte praktutgåve av N13.

Kronprinsen fekk også besifringsutgåve – så han kan akkompagnere den kongelege salmesongen med eige gitarspill.

Litt om den nye salmeboka
N13 har mykje nytt, men også mange kjende og kjære salmar. Nokre nye salmar er i begge kategoriane, til eksempel Julekveldsvisa og Som et barn ble du båret til meg. Av 953 salmenummer er 272 salmar nye og 638 overført frå Norsk Salmebok frå 1985 og Salmar 1997. 

577 salmar er på bokmål, 366 på nynorsk. 61 salmar har samiske eller kvenske tekster og 43 tekster er på ikkje-nordiske språk. Så å seie alle desse har parallelltekst på bokmål, nynorsk eller svensk.

N13 er ei salmebok tilpassa vår tid og vil opne for fleire sjangre, fleire språk, fleire instrument – og fleire musikalske oppturar i våre kyrkjer!

I bok og på skjerm

Salmebøk er ein naturleg del av kyrkjelivet vårt. Bøkene viser breidda i salmeskatten, dei gjev informasjon om dei ulike salmane, og dei er viktige kulturberarar. Men nokre gonger er det nyttig å få salmane på ei skjerm.

 

Både moderne og eldre kyrkjer bruker meir og meir digitale løysingar for å leie kyrkjelyden gjennom gudstenesta. Også i kyrkjene våre i Masfjorden arbeider vi med å få projektor fast installert.

 

Med Norsk salmebok 2013 følgjer også en digital salmedatabase. Her er salmane tilrettelagt for storskjermvisning og papirutskrift. Databasen inneheld langt fleire salmar enn dei som står i Norsk salmebok 2013.

 

Soknemøte avgjer

Den nye salmeboka er godkjend for bruk i kyrkjene våre, men det er det enkelte sokneråd og soknemøte som avgjer for kvart einskild sokn.

 

I Sandnes sokn hadde ein soknemøte om saka etter gudstenesta 8.desember, og gjorde vedtak om å ta i bruk den nye salmeboka. I Solheim gjorde ein tilsvarande vedtak søndag 19.januar. Og Frøyset sokneråd har altså gjort vedtak om halde soknemøte om saka etter gudstenesta søndag 16.mars.


Du kan lese meir om den nye salmeboka på nettsida til Kyrkja.no 

Tilbake