Det har blitt lang tradisjon med minikonsert og friluftsgudsteneste ved innkomsten på Bjørn West-marsjen.
I år blir minikonserten ved Lisbeth Morken og Frode Skag Storheim, som også deltek ved friluftsgudstenesta.
Minikonserten og friluftsgudstenesta har dei to siste åra fått ei litt endra plassering - like ved minnestatuen, og saman med minneord og kransnedlegging utgjer dei ei flott avslutning på minnemarsjen.
Lisbeth Morken og Frode Skag Storheim er to utøvarar frå vår lokale samanheng som har blitt godt kjent av mange gjennom dei siste åra, og står for både kvalitet og folkeleg stil. Det blir flott å få dei til Stordalen på minikonserten.
Tidspunkta for desse samlingane er dei same som før: Minikonsert kl 14.30, friluftsgudsteneste ved Knut Fr. Sørheim kl 15.15 og minnesamling ved minnestøtta kl 16.00