Skeive gravminne?


Har de ansvar for ei grav med skeiv gravstøtte?

 

Masfjorden sokn har gjeve eit tilbod til dei som festar graver at dei kan kontakta kyrkjegardsarbeidar Remi Kallekleiv, for å få retta opp skeive gravsteinar, eventuelt å få heva gravsteinar som har sige for langt ned i jorda.  Fleire har nytta seg av tilbodet og resultatet er at det vert finare på gravplassane.

Det må også nemnast at dersom ein gravstein veltar og forårsakar skade, er det festar som er erstatningsansvarleg.

Ei slik retting kostar kr. 699 og kan bestillast hos kyrkjeverje på tlf. 56166261 eller ta direkte kontakt med Remi på tlf 941 43 716

Kyrkjeverje

Tilbake