Velkomen til dåp i kyrkja


Det er høgtidsstemning i kyrkja. Klokkene ringer, og inn kjem prosesjonstoget med ei stolt storesyster som ber mugga med vatnet i. Bak kjem eit foreldrepar med eit lite barn i kvit kjole. Alle reiser seg. Bestemor tørkar ei tåre, onkel tek bilete. Det er klart for dåp i kyrkja!

 

Alle er velkomne til dåp i Den norske kyrkja. Tidlegare fekk kyrkja fødselsmelding om barn av medlem som vart fødd, men dette er det slutt på frå 1.oktober 2018. Difor vil ein ikkje lenger få informasjon om dåp i posten. Dersom de ønskjer dåp er det fint om de tek kontakt med kyrkjekontoret eller sokneprest. Telefonnummer og e-postadresse til sokneprest og kyrkjeverje finn de ved å peike og klikke her.

Hjarteleg velkomen til dåp i kyrkjene i Masfjorden!

Tilbake