Slik vert julegudstenestene gjennomførte i år


Gjeldande smittevernreglar set føringar på kor mange som kan vere med på julegudstenestene.

 

Gudstenestene vert gjennomførte slik det står i gudstenestekalenderen. Men vi har ikkje høve til å ta imot fleire enn 50 personar. Kyrkja er også forplikta til å registrere dei som kjem. Av den grunn vert det lagt opp til påmelding.

Påmeldinga kan skje via eit eige påmeldingsskjema på kyrkja si nettside. Dette skjemaet er planlagt lagt ut den 16. desember. Dei som ikkje kan nytte dette, kan sende ein sms til 906 13 515 eller ringe 5616 6261 frå same dato.

Den som melder seg på, oppgir kor mange som ein er saman med. Vedkomande vert kontaktperson for dei som ein melder på. Det er viktig at ein får vite kor mange som er i same kohort, og som kan sitje saman. På den måten kan ein betre utnytte den plassen ein har i kyrkja.

Tekst : Rune Garmann
Bilete: Duccio di Buoninsegna (ca. 1260 - 1320)

Tilbake