Påmelding til julegudstenestene


Det er no høve til å melde seg på julegudstenestene i Frøyset og Solheim kyrkjer på julaftan, og i Sandnes kyrkje fyrste juledag.

 

Som det tidlegare er informert om, må kyrkja av smittevernomsyn avgrense antalet besøkjande til 50 for kvar gudsteneste. For å sikre at folk ikkje skal behøve snu i kyrkjedøra, har ein vald å nytte påmelding. Denne kan ein anten gjere elektronisk via peikarane nedunder, eller ved å ringe kyrkjekontoret eller sende sms til kyrkjeverja.

Velkomne til kyrkja i jula!

Tekst og foto : Rune Garmann

Tilbake