Harald Sundsbø takkar av - vi takkar Harald


Gudstenestene julaftan vert dei siste Harald forrettar som vikarierande sokneprest i Masfjorden.

 

Harald Sundsbø har arbeidd hos oss sidan hausten i fjor. I løpet av den tida har folk i Masfjorden fått møte ein stillfarande og stødig prest som har vore til stades for dei som har hatt trong for det.

Vi som arbeider "i kulissane" i sokneråd og fellesråd har nytt godt av Harald sine store kunnskapar om kyrkjelov og andre kyrkjelege ordningar. I ei tid der tre sokn skulle verte eitt har Harald vore rett mann på rett plass til rett tid.

Vi vil takke for tida Harald har vore her, og ynskje han velkomen til å vitje oss seinare.

Foto: Eli Eidnes
Tekst: Rune Garmann

Tilbake