Gudsteneste Solheim kyrkje julafta 2020


Julegudstenesta i Solheim kyrkje var stemningsfull og vakker.

 

Å tenke at det skulle vere begrensinger på kor mange som kunne kome i kyrkja julaftan? Hvis nokon hadde sagt dette til oss for eit år sidan ville me ikkje trudd på dei! 49 gjestar og 4 medverkande var saman i Solheim kyrkje.

Inngangssalmen sette oss i stemning:

"En krybbe var vuggen som ventet ham her,
det lille barn Jesus, vår Frelser så kjær.
Men stjernene lyste helt inn der han lå,
det lille barn Jesus, på leiet av strå."

Me song fleire kjende og kjære julesalmar saman, unisont og i vekselsong.

Juleevangeliet hadde fokus og i preika hadde Harald Sundsbø ein grundig gjennomgang, fint illustrert med teikningar som barn i Nordhordland hadde laga i samband med skulegudstenester.

Til postludium spela Anne Merethe Reknes Nå vandrer fra hver en verdenskrok.

Offeret gjekk til Frelsesarmeen.

Me ønskte kvarandre God Jul!

Nokre tok turen på gravplassen etter gudstenesta. Det var stemningsfullt og fint å sjå dei mange lysa som var kveikt på gravene på kyrkjegarden.

Og så kunne Åse Marit Kalhovd, Marit Steinestø og kyrkjeklokka ringe jula inn på Solheim!

Tekst og bilete: Dina Dyrhovden

Tilbake