Søndag 3. januar feirar den nye soknepresten i Masfjorden, Torbjørn Sæle, gudsteneste saman med oss i Frøyset kyrkje.
Denne søndagen har vi gleda av å ynskje Torbjørn Sæle velkomen som sokneprest i Masfjorden. Han kjem frå ei stilling som spesialprest, med særskilt ansvar for arbeid med born og unge. I fyrste omgang har han eit vikariat fram til 31. desember 2021.
Vi kjem attende med ein nærare presentasjon av Torbjørn.
Foto : Torbjørn Sæle
Tekst : Rune Garmann