Dette mottoet kom i fokus i den fyrste preika Torbjørn Sæle heldt som ny sokneprest i Masfjorden.
Denne fyrste sundagen i det nye året vert kalla Jesu openberringsdag. Evangelieteksten for dagen handlar om då Jesus var i tempelet som tolvåring, og han for fyrste gong openberra litt av det som skulle verte gjerninga hans – til glede for Gud og menneske.
Men før Torbjørn forretta gudstenesta, vart han introdusert av prost Helge Taranrød, og tilsetjingsbrevet til Torbjørn frå biskopen vart lese opp. Det hadde form som ei helsing til kyrkjelyden i Masfjorden, med ei formaning om å ta imot Torbjørn som ny prest, og hjelpe og støtte han i arbeidet her.
I løpet av preika refererte Torbjørn til mottoet «Til glede for Gud og menneske», og ga uttrykk for ynskje om at dette skulle prege arbeidet hans i Masfjorden. Han var også tydeleg på at dette ikkje var noko han eller andre kunne ta for gitt. Vi som bur her i Masfjorden, har også ei rolle å spele.
Men vi vart minna om at vi ikkje er åleine på laget. Torbjørn siterte Paulus fyrste brev til korintarane, der det står: «Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst.»
Som det går fram av dette verset: Voksteren kjem ikkje av seg sjølv, og ikkje utan ein viss eigeninnsats.
Vår eigeninnsats.
Tekst og foto : Rune Garmann