Grunna koronasituasjonen vert gudstenestene 10. og 17. januar avlyste.
Som ein lekk i arbeidet for å hindre smittespreiing vert gudstenestene
10. januar i Sandnes kyrkje, og
17. januar i Solheim kyrkje,
avlyste.
Utdeling av "Mi kyrkjebok" til fireåringane, som skulle ha vore i Solheim kyrkje den 17. januar, er dermed utsett til eit seinare tidspunkt. Ein kjem attende med informasjon om dette.
Det er uvisst kva som kjem til å skje etter 17. januar. Men oppdatert informajon om lokale tiltak vil verte lagt ut på heimesida vår fortløpande.
Informasjon og føringar frå kyrkja sentralt finn ein her.
Tekst og foto: Rune Garmann