Då er orgelet til Frøyset bestilt

Då er orgelet til Frøyset bestilt


Masfjorden sokn har no inngått avtale med Kirkeorgel Strandskogen om leveranse av nytt orgel.

 

Orgelet er eit digitalt orgel av merket Johannus, og modellen heiter Ecclesia T-250. Biletet over syner ein slik modell, men i ein litt mørkare farge enn det vi vil få.

Som ein vil sjå, er dette ein mindre modell enn orgelet som til no har stått i Frøyset kyrkje. Men det er dimensjonert for kyrkjer av Frøyset kyrkje sin storleik, og skulle med sine 34 stemmer som kvar kan setjast opp i fire ulike stilar stette dei krava ein måtte ha til eit orgel i Frøyset kyrkje, både som liturgisk instrument og til konsertoppgåver.

Parallelt med at orgelet vert bygd i Nederland, vert det arbeidd med å utforme ei høveleg løysing for høgttalarane. Og når orgel og høgttalarar vel er på plass, vert alt montert og tilpassa akustikken i kyrkja. 

Det er i dag uråd å seie nøyaktig kva tid orgelet vil stå ferdig til bruk. Men med mindre tilhøve ein ikkje har kontroll over - koronasituasjonen, til dømes - fører med seg forseinkingar i arbeidet, er det grunn til å tru at orgelet er teke i bruk til påske.

Foto : Johannus
Tekst : Rune Garmann

Tilbake