Les korleis prest Torbjørn Sæle tenkjer seg at disippelen Peter reagerte då han høyrde Jesus fortelja likningar om Guds rike.
Utgangspunktet er evangelieteksten frå Markus 4,26-34 som du kan lesa her.
Her er Peters forteljing:
Jesus seier at vi må høyra etter, og eg lovar: Eg prøver så godt eg kan.
Noko av det han seier, er likevel vanskeleg å forstå. Eg skjønar ikkje korleis ein som ikkje har, kan mista det han har. Og kvifor skal den som har, få endå meir? Det synes eg er skikkeleg provoserande og veldig urettferdig! Eg får lyst til å protestera høgt. Men før eg rekk å seia noko, er Jesus i gang med å undervisa om Guds rike.
Eg forstår ikkje samanhengen mellom ein som sår korn og Guds rike. Men eg høyrer Jesus snakka om noko som skal veksa av seg sjølv. Det må jo bety at vi ikkje kan tvinga veksten fram.
Så nemner Jesus sennepsfrøet som eit døme. Eg har ikkje så veldig peiling på frø, men eg veit at sennepsfrøet er utruleg lite. Eg har også sett dei fleire meter høge sennepstrea. Det er egentlig litt fascinerande å tenka på. At noko som er så bittelite, kan bli så stort. Dei store fiskane vi pleidde å få i garnet, har jo også vore små. Dei blir ikkje berre større av seg sjølv. Fiskane veks jo når dei får den næringa dei treng. Sånn som vi menneske.
Eg skjønar at det handlar om noko veldig lite som skal veksa og bli stort. Men det er mykje å ta inn på ein gong. Og Guds rike er nok for stort til at eg klarar å gripa det.
No saknar eg fiskinga litt. Den var i alle fall lettare å få taket på.
Nokre ord om Guds rike:
Jesus snakka mykje om Guds rike. Ofte med å visa til noko det liknar på. Med Jesus kom Guds rike til jorda og er midt iblant menneska (sjå Lukas 17,21). Samstundes er Guds rike noko som skal spria fram, veksa og bli stort. Guds rike er allereie no, men samstundes enno ikkje. Det er noko menneske kan få veksa inn i og læra meir om. Jesus oppmodar både til å ta imot Guds rike (sjå Markus 10,13) og til å søkja Guds rike (sjå Matteus 6,33.
Denne saka vart først publisert til Såmannssøndagen i 2021.
Tekst og foto: Torbjørn Sæle