Andakt: Peters hytteplanar


Etter ei merkeleg oppleving på fjellet, får Peter ideen om å byggja tre hytter. Så høyres ei stemme som snakkar om Guds son.

 

Kristi forklåringsdag er ein fast dag i kyrkjeåret, i overgangen mellom openberringstid og fastetid, i år med evangelietekst frå Markus 9,2-13. Her er Peter si oppsummering av denne spesielle opplevinga, slik prest Torbjørn Sæle tenkjer seg den kan ha vore:

Vi er på toppen av fjellet når det plutseleg skjer noko heilt spesielt med Jesus.  Det kjem eit veldig sterkt lys, kraftigare enn sola midt på dagen. Og det skin verkeleg av kleda til Jesus. Eg har aldri sett han så klårt. Både Jakob, Johannes og eg blir ganske overraska.

Ekstra spesielt blir det når vi ser at Moses og Elia plutseleg står der og snakkar med Jesus. Moses leia jo folket vårt ut av Egypt og fekk lova av Gud på fjellet. Og Elia var ein av dei store profetane før han blei teken opp til himmelen. Men dei levde jo begge for veldig lenge sidan. Så når dei no dukkar opp igjen, prøver eg å få dei til å bli.

Eg får ein tanke, og eg synes den er god. Det er eit desperat forsøk på å gripa tak i augneblinken. Eg føreslår å byggja tre hytter. Éi til kvar av dei. Så kan dei få tid både saman og kvar for seg. Eg kan ikkje seia at eg kjenner Moses og Elia, men eg veit i alle fall at Jesus liker å be i fjellet.

Eg tilbyr med å stå for bygginga, sjølv om Jesus er tømrar. Det verkar ikkje som Jesus liker ideen min. Eg blir litt skuffa, men er eigentleg ikkje så overraska. Eg begynner å  bli vand til at han ikkje høyrer på forslaga mine. Eg bør nok droppa desse byggjeplanane. Det verkar som Jesus har eit anna byggjeprosjekt på gong. Noko som skal vara lenger enn hyttene eg vil byggja.

På fjellet høyrer vi òg ei stemme som seier:  «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» Eg lurer på om det verkeleg er Gud sjølv som snakkar til oss.

Så forsvinn Moses og Elia. Vi ser berre Jesus.

På veg ned frå fjellet ber Jesus oss nok ein gong ikkje å seia noko. Eg skal høyra på han og halda kjeft. Men han nektar oss ikkje å skriva. Så eg skriv desse hemmelege notata. For eg vil ikkje gløyma noko som helst. Og ein gong må jo folk få høyra om alt det utrulege som skjer rundt han.

 

Jesus – Guds son

Orda ««Du er Son min, som eg elskar» høyrdes frå himmelen då Jesus blei døypt (Markus 1,11). Den gongen var ikkje læresveinane der. Seinare fekk nokre av læresveinane høyra Gud snakka til dei om kven dei var saman med. Det var for å styrka deira tru på Jesus, Guds son. Jesus understreka sjølv den tette relasjonen til sin himmelske far (sjå Johannes 10,30). Han bad til Far sin, og han lærte læresveinane å gjera det same, slik vi og kan be: «Vår Far i himmelen…» (sjå Matteus 6,9-13).

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Illustrasjonsfoto: Pixabay.com

Tilbake