Lys Våken 27. februar


Laurdag 27. februar vert det Lys Våken i og ved Solheim kyrkje. 6.-7. klassingar kan melda seg på fram til 22. februar.

 

Lys Våken er eit årleg trusopplæringstiltak som handlar om å verta kjend med kyrkja, vera vakne for det som skjer i oss og i relasjon til kvarandre og til Gud – saman med andre unge i soknet.

Programmet laurdag 27. februarar varer frå kl. 15-20 og inneheld mellom anna fakkeltog, oppgåver knytt til kyrkjegarden, leik, mat og kanskje bål.

Me vil ha aktivitetar både inne og ute, dette i samråd med kommunelegen og gjeldande smittevernråd for barne- og ungdomsaktivitetar.

Alle i Masfjorden i 6. og 7. klasse er inviterte (som eit smitteverntiltak vert ikkje 8. klasse invitert denne gongen). Dersom det er behov for særleg tilrettelegging, fysisk, sosialt eller pedagogisk, ta kontakt og gje oss informasjon om korleis me kan leggja til rette for ei god oppleving i og ved kyrkja.

Lys Våken er gratis. Foreldre syter for transport til og frå Solheim kyrkje.

På Lys Våken møter de mellom anna trusopplærar Helga Eikehaug og kyrkjelydsmusikar Anne Merethe Reknes og prest Torbjørn Sæle. Me treng òg nokre foreldre/vaksne som kan bidra med praktiske oppgåver knytt til mat, smittevern og aktivitetar.

Påmelding på epost til Helga.Ekehaug@masfjorden.kommune.no innan måndag 22. februar. Meld gjerne samstundes om vaksne kan ha høve til å vera med og hjelpa til. 

Det vil koma meir informasjon etter påmelding.

Ikkje nøl med å kontakta Helga om du har spørsmål, tlf: 56 16 62 62, mob: 91 19 36 12.

Velkommen til Lys Våken!

 

Tekst: Torbjørn Sæle/Helga Eikehaug

Foto: Kyrkja.no

Tilbake