Nært og fint med dåp


14. februar vart Sigrid døypt. – Det går heilt fint å ha ei fin dåpsfeiring sjølv med restriksjonar, seier mamma Elise Kvamme Andersen.

 

Pappa Arild Haugsvær bar Sigrid Kvamme Haugsvær inn i Sandnes kyrkje og fram til døypefonten. Storebror Henrik tok av lua før Sigrid vart døypt til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage Ande.

Salmesong, tekstlesing, preike, bøn, velsigning og musikk ramma inn dåpshandlinga.

– Det kjendes veldig nært og fint med ei så lita forsamling. Ein var gjerne meir til stades i dåpshandlinga når alle dei som var der var tilknytta barnet, seier Elise.

Dåpsfamilie, fadrar og nokre av dei næraste fekk plass på fire benker framme i kyrkja, plassert med god avstand mellom husstandane. Med prest, kyrkjelydsmusikar, kyrkjetenar og klokkar var det til saman 14 personar i kyrkja som har 370 sitjeplassar.

– Det var dumt me ikkje kunne invitere alle me ville, og vanskeleg å skulle velje ut kven som skulle få koma i kyrkja. Men det var fint å ha ei lita og intim gudsteneste likevel.

Familien er ikkje dei einaste som har hatt dåp i eiga gudsteneste, og kyrkja i Masfjorden står klar til å ta imot fleire. Det vert lagt opp til eigne dåpsgudstenester så lenge smitteverntiltaka set sterke avgrensingar på kor mange som kan samlast. Opplevinga og tilbakemeldinga er gode.

– Me opplevde å få god og oppdatert informasjon frå kyrkja om gjelande restriksjonar før dåpen.

Familien var ikkje i tvil om at dei ville gjennomføra dåp, sjølv om dei berre kunne vera 10 personar.

– Sigrid nærma seg 5 månader, så det var greitt å få ha dåp medan dåpskjolen framleis passa. Samtidig veit me ikkje kor lenge restriksjonane vi vara, seier Elise.

Etter ein halvtimes gudsteneste i kyrkja vart det ei lita feiringa med god mat og flott dåpskake.

– Me sit igjen med at det var ei fin og nær stund i kyrkja. Til andre som tenker på å ha dåp, så ver obs på at ein no ikkje kan invitera alle ein ønskjer. Men det går heit fint å ha ei fin feiring, sjølv med restriksjonar, seier Elise Kvamme Andersen.

Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret for å avtala dåp. Datoar for planlagde gudstenester i dei ulike kyrkjene våre finn du i aktivitetskalenderen her på nettsida.

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Foto: Lillian Andvik

Tilbake