Dette var ein viktig bodskap i undervisningsleiar Helga Ekehaug si helsing til dei nye konfirmantane i Frøyset kyrkje.
Laurdag 22. august vart det feira gudsteneste i Frøyset kyrkje, med innlagt presentasjon av årets sju
konfirmantar i denne kyrkjekrinsen. Av desse sju var det fem som hadde høve til å møte, og dei vart
helste av undervisningsleiaren som introduserte dei for Kristuskransen. Dette er ein krans av
treperler mykje av konfirmasjonsundervisninga vil ta utgangspunkt i.
Ut over presentasjonen var dette ei gudsteneste som vanleg. Prestevikar Kristine Bleikli forretta, og
ho vart ynskt velkomen som prestevikar i Masfjorden fram til juni 2021 ved at tilsetjingsbrevet
hennar frå biskop HalvorNordhaug vart lese opp.
Kristine skal vere med i ei gruppe som skal samarbeide om konfirmasjonsundervisninga i Masfjorden.
I fyrste omgang skal ho vere med fram til nyttår, men avhengig av kva som skjer med situasjonen når
det gjeld ny sokneprest i Masfjorden, er det opna for at ho kan vere med på laget i heile perioden.
Tonefylgje under gudstenesta var ved Ove Danielsen, som forutan å akkompagnere på piano også var
forsongar på salmane og liturgisvara.
Tekst og bilete: Rune Garmann