Konfirmasjonsgudstenestene i Frøyset kyrkje den 13. september vart gjennomført utan tonefylgje frå kyrkja sitt orgel.
Grunnen til dette er at orgelet ikkje lenger kan nyttast. Tidvis er det ikkje lyd i det i det heile, eller orgelet sluttar å lage lyd - eller tek til å produsere uynskt og svært generande støy - medan det er i bruk. Ein kan soleis ikkje lenger stole på at orgelet vil fungere etter føremålet når det skal.
Eit resultat av dette er mellom anna at ein organist ein tidvis har nytta som vikar, har gitt melding om at han ikkje vil ta orgeloppdrag i Frøyset kyrkje.
Dette elektroniske orgelet vart levert nytt i 1994. Leverandøren som i si tid selde orgelet til Frøyset sokn, har slutta å forhandle dette merket. Noko delelager for sopass gamle modellar finnest ikkje. Firmaet som sist var inne og såg på orgelet, eksisterer ikkje lenger. Ein må difor gå ut frå at det å koste reparasjonar på orgelet, ikkje er noko løysing.
Alternativet då vil vere å setje i gang arbeid med å få bytt ut det eksisterande orgelet med eit spelbart orgel. Ein kan tenkje seg eit nytt digitalt kyrkjeorgel, eller eit brukt pipeorgel.
I løpet av hausten vil saka om nytt orgel i Frøyset kyrkje verte teke opp i soknerådet, og så får ein sjå kva som skjer vidare.
Tekst og foto: Rune Garmann