"Dette er ei konfirmasjonsgudsteneste ulik alle andre," sa sokneprest Harald Sundsbø i talen sin. Det hadde han heilt rett i!
Grunna smitteverntiltak som var sett i verk, hadde ein delt konfirmantane i to grupper, og så vart det gjennomført ei eiga gudsteneste for kvar gruppe. På den måten var det mogleg å la fleire i konfirmantane sine familiar fylgje dei unge i denne høgtidlege hendinga.
Omsyn til smittevernet hadde også ført med seg at den tradisjonelle samtalegudstenesta var teken bort. I staden vart konfirmantane tekne med inn i gjennomføringa av gudstenesta ved at dei fortalde dei frammøtte litt om kva dei ulike perlene i Kristuskransen symboliserte.
Kristuskransen er kjernen i det pedagogiske opplegget for konfirmasjonsførebuinga i Masfjorden. Innlegget til konfirmantane var eit fint innslag i ei vakker og verdig konfirmasjonsgudsteneste.
Preika for dagen tok utgangspunkt i forteljinga om Marta og Maria, og Harald Sundsbø nytta høvet til å minne konfirmantane og dei som elles var til stades om kva som kanskje hadde ein forgjengeleg verdi, og kva verdiar som varer evig.
Ei helsing frå Helga Ekehaug til konfirmantane tok utgangspunkt i eit dikt som handla om livsmot, om mot til å stå i dei ulike situasjonar som livet kan by på.
Tekst og foto: Rune Garmann