Gudsteneste på Solheim 28.februar


Endeleg kan fleire møtast i kyrkja! 

 

Me gleda oss til igjen å få samle fleire på vanlige gudstenester i Masfjorden. Når no dei nasjonale korona reglane opnar for at ein kan samla inntil 100 personar på arrangement med faste tilviste plassar, forbetrar dette situasjonen mykje. I våre kyrkjer er det ikkje plass til så mange som 100 når me framleis må ha 2 meter avstand mellom dei som ikkje bur saman. Men det er langt betre enn når me berre kunne være 10 personar. Så me har god grunn til å være glade.

Så søndag den 28.02 ser presten vår Torbjørn Sæle fram til endeleg å få møte fleire frå kyrkjelyden i indrefjorden. Så visst du ikkje har fått møtt den flinke «nye presten» vår enno, kan du nytta høve denne søndagen.  På denne gudstenesta får me også igjen feire nattverd.

På laurdag (27.02) er det «Lys våken» arrangement i og ved Solheim kyrkja for 6-7 klassingane  i Masfjorden. Pga smittevern tiltaka blir ikkje dei med på søndagens gudsteneste i år.

 

                                                                                 Tekst og Foto: Eli Eidsnes

Tilbake