Konfirmasjonane utsett til september


Vårens planlagde konfirmasjonar i Masfjorden er utsett til september. Sjå dei nye datoane her.

 

Vårens konfirmasjonar i Masfjorden er utsett til september. Sjå dei nye datoane her.

Arbeidsutvalet for soknerådet og staben har kome fram til at den beste løysinga er å flytta konfirmasjonsgudstenestene til etter sommaren. Dette fordi då det truleg vil vera lettare å samla fleire, både i kyrkja og til konfirmasjonsfest. Framleis er det berre lov å samlast 10 til private samlingar, som t.d. konfirmasjonsfeiring, og korleis dette vil vera i mai, veit vi ikkje.

Det er sjølvsagt dumt å måtta endra på konfirmasjonsplanane også dette året, men vi trur det rett og slett det vil bidra til ei betre oppleving av ein stor og viktig dag. Det som er heilt sikkert er at mange fleire er vaksinerte til hausten, og det vil truleg vera opna meir opp for å reisa meir over kommunegrenser og frå andre deler av landet. Dei aller fleste andre kyrkjer i Nordhordland og mange andre stader, har landa på same konklusjon og utsett konfirmasjonane til etter sommaren, etter at biskopane oppmoda til å vurdera ei slik utsetjing.

Dei nye konfirmasjonsdatoane blir:

• Laurdag 11. september i Sandnes kyrkje

• Søndag 12. september Solheim kyrkje

• Søndag 26. september i Frøyset kyrkje

Det kan verta fleire konfirmasjonsgudstenester etter kvarandre, viss smittesituasjonen tilseier at det er behov for det. Sidan det viste seg å vera vanskeleg å få til tre konfirmasjonssøndagar på rad, vert det denne gongen lagt opp til ein laurdagskonfirmasjon.

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Foto: Frå presentasjonsgudstenesta i Sandnes kyrkje august 2020.

Tilbake