Årsmøtet for Masfjorden sokn vert halde umiddelbart etter gudstenesta i Frøyset kyrkje 14. mars.
Det er to saker på dette møtet:
Rekneskap og årsmelding for Masfjorden sokn 2020
Årsmeldinga vart handsama og vedteken av soknerådet 9. mars.
Den kan ein få tilgjenge til ved å peike og klikke her.
Soknerådet sitt framlegg til ny gudstenesteordning
Dette er ein gjennomgang og ei justering av kva praksis ein nyttar når det vert halde gudstenester i kyrkjene i Masfjorden. Kyrkja har sett opp ein del alternative måtar å gjennomføre gudstenesta på, mellom anna val av bønetekstar, plasseringa av einskilde ledd i gudstenesta, kva melodiar ein nyttar i dei faste messeledda.
Ei nemnd har utarbeidd eit framlegg som soknerådet fyrst skal drøfte, og deretter vert det høve for soknemøtet å uttale seg om framlegget før det vert endeleg vedteke i nytt møte i soknerådet. Den vedtekne ordninga vert så oversend biskopen saman med eventuelle uttalar og kommentarar til godkjenning.
Framlegget vart drøfta av soknerådet 9. mars, og nokre justeringar vart gjort.
Ein kan lese framlegget ved å peike og klikke her.
Soknerådet vil vurdere behovet for eventuelle smitteverntiltak i samband med gjennomføringa av årsmøtet. Informasjon om eventuelle tiltak vil verte lagt ut på denne sida.
Tekst og bilete: Rune Garmann