Fasteaksjon


Konfirmantane står med bøsser ved butikkane laurdag 20. mars! Du kan støtta aksjonen med kontantar, på Vipps eller digitalt via Facebook.

 

Laurdag 20. mars kl. 11.00 – 14.00 står konfirmantane og andre frå kyrkjelyden ved butikkane på Hosteland, Haugsvær, Sandnes, Andvik og Kvingo. 

Kirkens Nødhjelp står bak den årlege Fasteaksjonen, der ein samlar inn pengar for å kunne gje reint vatn til menneske som treng det. Vanlegvis vert pengane samla inn ved at bøsseberarar kjem på dørene, og her i Masfjorden har det vore tradisjon for at konfirmantane våre gjer dette arbeidet saman med andre i kyrkjelyden.

Grunna smittesituasjonen kjem ikkje konfirmantane rundt på dørene i år. Om du ikkje er på butikken i denne tida kan du vippsa eit valfritt beløp til nr 2426 eller gje til den digitale aksjonen som du finn her på Facebook. Ein måte å bidra på er å dela og senda innsamlinga vidare slik at mange får høve til å støtta arbeidet for reint vatn for fleire. 

 

Tekst: Helga Ekehaug

Foto: Kirkens Nødhjelp

Tilbake