Soknerådet vedtok i møte den 9. mars årsmeldinga 2020 for Masfjorden sokn. Framlegg til ny gudstenesteordning vart også drøfta i dette møtet.
Årsmeldinga for Masfjorden sokn 2020 kan ein lese ved å peike og klikke her.
Ho vil også verte gjennomgått av leiar i soknerådet på årsmøtet for Masfjorden sokn. Dette vert halde umiddelbart etter gudstenesta i Frøyset kyrkje 14. mars.
På same møte vil ein orientere om soknerådet sitt framlegg til ny gudstenesteordning for kyrkjene i Masfjorden sokn. Årsmøtet vil ha høve til å kome med kommentarar til framlegget. Desse vil verte oversende biskopen saman med tilsvarande kommentarar frå dei tilsette når soknerådet har gjennomført endeleg handsaming av framlegget og gjort vedtak i saka.
Framlegget til ny gudstenesteordning, slik det vart formulert av soknerådet i møte 9. mars, finn ein ved å peike og klikke her.
Tekst og bilete: Rune Garmann