Påskeaktivitet for 5., 6. og 7. klasse!


Har du lyst til å vera med å bruka hammar eller synål for å laga noko? Vil du vera saman med andre og høyra om Jesus? Vi skal eta saman, leika og be.

 

Vi nærmar oss påsken, ei av dei store høgtidene. Kvifor feirar me påske? Og kva kan det som skjedde i påsken bety for oss?

Opplegg:

  • Velkomen og felles samling
  • Suppe og påskeforteljing om Jesus
  • Formingsaktivitet- ta med hammar og stor synål
  • Leik
  • Avslutning

Innkludering

Me har alle behov for inkludering, tryggleik og fellesskap. Kanskje det kan vera godt for barnet ditt med særleg tilrettelegging enten på ein fysisk, sosial eller pedagogisk måte? Ta kontakt og gje oss informasjon om korleis me kan leggja til rette for ei god oppleving i kyrkja.

 

Ta med:

Hammar, stor synål, drikke, suppetallerk, skei.

Eg har med litt ekstra om nokon skulle gløyma ;)

 

Påmelding 

Gje beskjed om mat-allergi

Kan me nytta bilete av bornet i Masfjordingen (både papir- og nettpublisering) og facebook?

Kan du eller nokon du kjenner vera med som vaksenperson ved matservering og hjelp med aktiviteten?

 

Solheim kyrkjekrins Måndag 15. mars 14:45-16:45 i Haugsvær bedehus.

Sandnes kyrkjekrins Måndag 22. mars 14:00 – 16:00 i Sandnes kyrkje. Påmeldingsfrist: Laurdag

Frøyset kyrkjekrins flytta til onsdag 24. mars 14:45-16:45 i Frøyset kyrkje. Påmeldingsfrist: Tirsdag kl. 20

Trykk her for påmelding

 

Velvyrd helsing

Trusopplærar Helga Ekehaug

For kyrkjelydane i Masfjorden

Tilbake