Annleis påske


Her finn du ulike digitale tilbod no når alle fysiske påskegudstenester i kyrkjene våre er avlyste.

 

Denne påska vert annleis enn vi hadde tenkt. Dei planlagde påskegudstenestene på Granneheimen, Fjon, Solheim, Sandnes og Frøyset er alle avlyste som følgje av dei nye nasjonale smitteverntiltaka. På sjukeheimen vert det gudsteneste på skjærtorsdag, men berre for bebuarane.

 

Digitale gudstenester m.m.

Digitale samlingar vil aldri fullt og heilt kunna erstatta det å koma saman. Likevel vil vi her koma med ei oversikt over noko av det du kan få med deg denne påska.

Frå Kyrkja i Masfjorden vert det lagt ut nokre digitale glimt som du vil finna her på nettsida, og/eller på Facebook-sida vår «Kyrkja i Masfjorden».

Vi vil også dela informasjon om andre digitale tilbod:

  • Frå Knarvik kyrkje vert det direktesendte digitale gudstenester.
    • Skjærtorsdag kl. 18, langfredag kl. 11 og 1. påskedag kl. 11. Desse vert tilgjengelege i ei veke og du dei her: kyrkja.no/knarvik
  • NRK sender som vanleg påskegudstenester på TV og radio palmesøndag, langfredag og 1. påskedag kl. 11, i år frå Petri kirke i Stavanger. Desse vert i etterkant gjort tilgjengeleg her i NRK TV.
  • Bjørgvin bispedøme har laga ei oversikt over ei rekkje gudstenester, andaktar, podkaster, konkurransar med med. Sjå oversikt her.
  • På Den norske kyrkja sine påskesider finn du quiz, videoklipp og påskeaktivitetar for barn og vaksne. Der kan du også lesa meir om kva påska handlar om og kva som skjer dei ulike påskedagane: kyrkja.no/påske
  • IKO har liga eit digitalt påskemysterium/quiz for barnefamiliar som du kan vera med å løysa her:

 

Treng du nokon å snakka med?

Kirkens SOS har døgnope telefon 22 40 00 40, samt chat og sms, sjå Kirkens SOS sine nettsider.

Du er også velkomen til å ta kontakt med oss i staben, om stort og smått. Anten du vil dela eit bøneemne på sms, eller gjera ein avtale og ta om prat. Prest Torbjørn Sæle har mobil 95 14 16 85. Kontaktinfo til heile staben finn du under «Kontakt oss».

Då Jesus møtte igjen sine næraste på påskedagen var det første han sa: «Fred vere med dykk.» Måtte han få møta oss alle med sin fred, akkurat der vi er, også denne påska og i tida som ligg framfor.

Med ønskje om ei velsigna påske til deg!

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Foto: Bo Mathisen, kyrkja.no

Tilbake