Nytt orgel på plass


Då er det nye orgelet i Frøyset kyrkje klart til bruk!

 

Torsdag og fredag før palmesundag var to karar frå leverandøren, Kirkeorgel Strandskogen, på plass i kyrkja og monterte orgelet og høgttalarane. Deretter vart orglet intonert – justert til å passe med akustikken i kyrkja. Då karane reiste heim att fredags ettermiddag, etterlet dei seg eit velklingande orgel.

For den som måtte ha interesse av å vite meir om arbeidet med innkjøp av orgelet, er det laga ein liten rapport som ein kan hente fram her.

Og no er orgelet klart til å takast i bruk. Skjærtorsdag vil det verte gjort opptak med det til den digitale gudstenesta som kyrkja i Masfjorden førebur til fyrste påskedag. Og neste gong det er gudsteneste i Frøyset kyrkje, vil salmesongen verte fylgd av tonar frå det nye orgelet. Det ser vi fram til.

Når vi kan opne kyrkjene våre utan å måtte ta smittevernomsyn, vil det nye orgelet verte markert med ei tilstelning. Det vil ein kome attende til når det vert aktuelt.

Biletet under: Slik såg organisten vår ut då ho prøvde orgelet for fyrste gong.

Tekst og bilete: Rune Garmann

Tilbake