Kyrkjelyden i Solheim tok denne dagen imot Oline Hindenes Haugsvær, som vart døypt.
Søndag 25. april var det prosesjon i kyrkja på Solheim. Dåpsfylgjet kom inn i kyrkja saman med sokneprest Torbjørn Sæle og saman sang me opningssalmen «Deg være ære, Herrens over døden makt!»
Kyrkjelyden i Solheim tok imot Oline Hindenes Haugsvær, som vart døypt. Ove I.B. Danielsen spela piano og sang salmen «Du lyser din fred over barnet».
Første tekstlesing var Jesaja 43, 16-21. Preiketeksten var Johannes 13, 30-35. Torbjørn snakka om Jesus som det gode forbildet! La det vere synleg at de har kjærleik til kvarandre! Legge vekk det som gjer at kjærleiken vert hindra.
Det var nattverd og takkofferet gjekk til Kirkens Nødhjelp. Viss du vil gje ei gåve kan du bruke Vipps nr 620513 til Masfjorden sokn.
Tekst og foto: Dina Dyrhovden