Gudstenester i mai


Det vert friluftsgudsteneste på Kristi Himmelfartsdag og digital 17. mai-gudsteneste. Sjå oppdatert oversikt over gudstenestene her.

 

I mai er det mange raude dagar og mange gudstenester. Det har blitt nokre endringar, og konfirmasjonane er tidlegare utsett til september. Også i år gjer koronasituasjonen at det vert digital 17. mai-gudsteneste, denne gong frå Solheim kyrkje. For første gong vert det friluftsgudsteneste ved den nye dagsturhytta i Masfjorden. Følg skilting frå Nord-Kvingo-krysset til parkering og deretter merka, god sti til ein flott plass. Her er turskildring og kart på ut.no sine sider.

Her er ein oppdatert oversikt for mai-gudstenestene.

Søndag 2. mai kl. 11.00: Gudsteneste i Frøyset kyrkje.

Søndag 9. mai kl. 16.00: Gudsteneste på Fjon fjellkyrkje. Konfirmantar på leir deltek.

Torsdag 13. mai kl. 12.00: Friluftsgudsteneste ved dagsturhytta i Grøttneset på Kristi Himmelfartsdag. Gruppe frå Fjon musikklag. Kyrkjekaffi. Leik/aktivitetar etter gudstenesta.

Måndag 17. mai. Digital 17. mai-gudsteneste frå Solheim kyrkje for heile Masfjorden. Elevar frå mellomtrinnet, konfirmantar, forsongarar og messigblåsarar med fleire deltek. Gudstenesta vert tilgjengeleg frå kl. 09.00 på 17. mai på kyrkja si nettside og Facebook-side og på www.masfjordingen.no 

Det vert songstund og gudsteneste på sjukeheimen for bebuarar. Dei andre fysiske gudstenestene denne dagen er avlyste av smittevernomsyn. Det vert likevel ringing med kyrkjeklokkene i Frøyset, Sandnes og Solheim kyrkje kl. 11.55-12.00 før heile landet syng nasjonalsongen kl. 12.

Søndag 23. mai kl. 11.00: Gudsteneste i Frøyset kyrkje. 1. pinsedag.

Måndag 24. mai kl. 11.00: Gudsteneste i Granneheimen. 2. pinsedag.

Søndag 30. mai kl. 11.00: Gudsteneste i Solheim kyrkje. Prost Helge Taranrød.

 

Ved ønske om dåp, ta kontakt med kyrkjekontoret.

Det kan bli endringar som følgje av korona-situasjonen. Følg med på nettsida og Facebook-sida til «Kyrkja i Masfjorden».

 

Tekst og foto: Torbjørn Sæle

Tilbake