Gudstenester i pinsen


Velkomen til pinsegudstenester i Frøyset kyrkje 1. pinsedag og i Grannheimen 2. pinsedag.

 

Det vert pinsegudstenester søndag 23. mai i Frøyset kyrkje og måndag 24. mai i Granneheimen, begge kl. 11.00. Torbjørn Sæle er prest og Johannes Lyngset spelar og syng. Den nye gudstenesteordninga i Masfjorden vert teken i bruk for første gong.

Det er nattverd. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Du kan gje allerie no på Vipps til nr. 620513 – Masfjorden sokn.

Registrering av namn og telefonnummer ved oppmøte til bruk for eventuell smittesporing. Du får du ein fast tilvist plass. Hald deg heime om du er sjuk.

Velkommen til pinsefeiring! På Bibelselskapet sine sider kan du lesa meir om kva pinse er.

Første gudsteneste ette pinse er søndag 30. mai i Solheim kyrkje kl. 11 ved prost Helge Taranrød.

 

Tekst og foto: Torbjørn Sæle

Tilbake