Sola skin visst alltid når prost Helge Taranrød er på Solheim! Her er referat frå gudstenesta 30. mai.
Treeningssøndag markerer avslutninga på alle festhøgtidene i kyrkja.
1.tekstlesing var Romarane11, 33-36. Preiketeksten var Lukas 10, 21-24. Medan prost Helge Taranrød preika kunne me kvile augene på eit ikon måla av Rublev; Treenigheten. Du kan sjå og lese meir om dette kjende ikonet her: https://kirken.no/.../underlig.../rublevs-ikon-treenigheten/
Det var nattverd, og takkofferet gjekk til Det Norske Misjonsselskap, NMS. Vippsnr er 620513 Masfjorden sokn, om du vil gje ei gåve.
Teamet som stod for gudstenesta dag:
Helge Taranrød, prest
Johannes Lyngset, organist og solosang
Marit Steinestø, klokkar og kyrkjetenar
Sofia Oppedal, konfirmant/kyrkjetenar
Frank Oppedal, konfirmantpappa/powerpoint
Torfinn Aga, kyrkjeutvalet/registrering
Takk for samvere og felleskap!
Tekst: Dina Dyrhovden
Foto: Eli Eidsnes