Gudstenester i juni


I juni er det gudstenester i Sandnes kyrkje og Frøyset kyrkje, samt friluftsgudsteneste ved Stemmevatnet på Solheim. 

 

I juni er det følgjande gudstenester i Masfjorden.

Søndag 6. juni kl. 12.00: Gudsteneste i Sandnes kyrkje. Prest Torbjørn Sæle. Dåp og nattverd. Takkoffer til NMS - Det Norske Misjonsselskap.

Søndag 20. juni kl. 11.00: Gudsteneste i Frøyset kyrkje. Prest Torbjørn Sæle. Dåp og nattverd. Takkoffer til NMS - Det Norske Misjonsselskap.

Søndag 27. juni kl. 11.00: Friluftsgudsteneste ved Stemmevatnet, Solheim. Prest Torbjørn Sæle. Les meir på kystkultur.no

I kyrkjene kan vi no samlast med 1 meter avstand mellom husstandar, på annakvar benk. Ingen påmelding, men registering av namn og telefonnummer ved oppmøte til bruk ved eventuell smittesporing.

Velkommen til gudstenester, ute og inne. 

Ved ønske om dåp, ta kontakt med kyrkjekontoret.

Følg med på nettsida og Facebook-sida til «Kyrkja i Masfjorden».

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Foto: Eli Eidsnes

Tilbake