Endring i gudstenestene 29. august


Alle gudstenestene med konfirmantpresentasjon 29. august går som planlagt, men utdeling av bibelboka «Guds barn» vert utsett på Solheim og Frøyset av plassomsyn. Sjå nye datoar og påmeldingsinfo.

 

Då invitasjonane til 10-åringane gjekk i posten i sommar, hadde vi håpa at det var mogeleg å samla fleire, og at vi kunne samlast til gudsteneste med både konfirmantpresentasjon og utdeling av bibelbok, slik det har vore tidlegare år. No ser vi oss nøydde til å gjera endringar, grunna gjeldande avstandskrav og aukande smittetal, særleg blant barn og unge, og for å kunna gje plass til at fleire frå kva familie kan koma i kyrkja.  Difor har vi kome fram til at utdelinga av 10-årsboka i Solheim og Frøyset kyrkje vert utsett.  Nye datoar vert etter skuletid onsdag 15. september i Solheim kyrkje og torsdag 16. september Frøyset kyrkje.

 

Påmeldinga til utdeling av bibelbok til 10-åringar i alle kyrkjene skjer HER.

 

Alle gudstenestene med konfirmantpresentasjon 29. august går som planlagt.

Vi gler oss til å ta imot mange nye konfirmantar med familiar i kyrkjene våre på søndag. Kvar konfirmant vil få reservert ein benk til nærmaste familie. I tillegg vil også vera ein del fleire ledige plassar i kyrkja til andre som ønskjer å delta når konfirmantane blir presenterte for kyrkjelyden. 

På Sandnes vil det vert utdelinga av bibelboka til 10-åringane saman med konfirmantpresentasjonen som planlagt 29. august, sidan det denne gongen er god plass til dette i den kyrkja.

 

Gudstenestene førstkomande søndag vert dermed slik:

Gudsteneste med konfirmantpresentasjon i Solheim kyrkje klokka 11.00

Gudsteneste med konfirmantpresentasjon i Frøyset kyrkje klokka 13.30

Gudsteneste med konfirmantpresentasjon og utdeling av 10-årsbok i Sandnes kyrkje klokka 16.00

Alle gudsteneste er ved prest Torbjørn Sæle, trusopplærar Helga Ekehaug og pianist Ove I. B. Danielsen

.

                                                                                                        Tekst: Torbjørn Sæle  Foto: Helga Ekehaug 

Tilbake