Dei treng vår hjelp – vi treng di hjelp


Her kjem litt om årets TV-aksjon - og ei bøn om hjelp til å få gjennomført han her hos oss.

 

Søndag 24. oktober – på sjølvaste FN-dagen – går TV-aksjonen 2021 av stabelen. Mottakar av  midlane som vert samla inn under aksjonen, er organisasjonen Plan International. Denne organisasjonen, som er meir enn 80 år gamal, arbeider på grasrotplan for å sikre barna sine rettar.
 
Der borna har det vanskeleg, har jentene det verst. Difor har Plan eit særskilt fokus på levekåra til jenter.
Barneekteskap, der unge jenter vert gifta bort til langt eldre menn, er eit utbreidd humanitært problem i mange land. Dette er ein skadeleg praksis som ein må motarbeide. Tiltak for å hindre barneekteskap er difor blant Plan sine viktigaste oppgåver for å oppnå målet om å gi born ei betre framtid, med god helse og utdanning.

I år vert TV-aksjonen gjennomført på tradisjonelt vis, med bøssebærarar på dørene. I Masfjorden er det soknerådet som har fått ansvar for gjennomføringa av dør-til-dør-aksjonen. Same oppgåva hadde sokneråda i 2017 også. Men då var det tre sokneråd, ikkje eitt som i dag. Difor treng vi hjelp av gode frivillige som kan ta eit tak saman med oss denne dagen.

Dersom du har lyst og høve til å vere bøssebærar nokre timar søndag den 24. oktober, vil vi vere takksame for at du melder deg til leiar for kyrkjeutvalet i den kyrkjekrinsen du bur i. Desse er :

På førehand takk!

Tekst : Rune Garmann
Bilete: © Plan International
 

Tilbake