Søndagens konfirmasjonsgudstenester blir dei første etter at Norge opnar opp igjen. Velkomen til å bli med på feiringa i Frøyset kyrkje.
Oppdatert 24. september:
Vi er glade for å kunna ønska fleire velkommen til kyrkja og til konfirmasjonsgudstenester!
Når meteren no forsvinn, kan alle benkar igjen brukast. Kvar konfirmant vil framleis få reserverte plassar til gjestane sine. Vi har også plassar i kyrkjelydssalen. Der vil det vera mogleg å sitja med større avstand til andre for dei som ønskjer det.
Vi oppmodar framleis til bruk av handsprit ved inngangen og til å halda seg heime om ein er sjuk. Det er ikkje lenger behov for registering av namn og telefonnummer.
Søndag skal desse sju konfirmerast i Frøyset kyrkje, fordelt på to gudstenester:
Frøyset kyrkje Søndag 26. september klokka 10:30
Kim Daniel Haukeland
Nicholas Fitje Turner
Sindre Leander Haveland-Næss
Frøyset kyrkje søndag 26. september klokka 12:15
Daniel Fanebust
Isak Dingen Johansen
Natalie Rambjørg Myklebust
Damian Pedersen de Jong
Konfirmasjonsgudstenestene er ved prest Torbjørn Sæle, trusopplærar Helga Ekehaug og organist Johannes Lyngset og varer ca 1 time.
Vi gler oss til konfirmasjonane og ønskjer Guds fred og velsigning over dagen og framtida.
Tidlegare i september har desse blitt konfirmerte i Masfjorden:
Sandnes kyrkje Laurdag 11. september klokka 12:00
Andreas Nordland
Markus Langfjell Lilletvedt
Thea-Madelen Hope
Åshild Andvik
Solheim kyrkje Søndag 12. september klokka 11:00
Marius Haugsvær
Nikola Jåstad
Sofia Bezerra Oppedal
Tekst: Torbjørn Sæle
Foto av konfirmantar i Frøyset kyrkje (arkiv)