Ekstra tilbod om dåp


Har du utsett dåpen under koronaen? No kan vi igjen samlast mange, og 31. oktober vert eit ekstra tilbod om dåp i Masfjorden.

 

Denne søndagen har det skjedd ei endring, som gjer at det er rom for ei ekstra gudsteneste med dåp. Den første familien som melder seg, kan velja kva kyrkje som skal nyttast; Sandnes, Frøyset, Solheim eller kanskje Granneheimen? No har vi igjen plass til mange i kyrkja, og ved behov er det plass for fleire dåpsfølgje. Dåp i kyrkja er ein fest, uansett korleis ein elles ønskjer å markera dagen.

Det er sjølvsagt også mogleg å melda inn ønskje om dåp til andre gudstenester. Oversikten finn du i kalenderen her på sida.

Ved ønskje om dåp, denne eller andre søndagar, ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 56166261 eller epost kyrkja@masfjorden.kommune.no Påmelding til dåp denne dagen må skje innan 21. oktober.

På denne delen av nettsida vår finn du fleire artiklar om dåp:

Du kan også lesa meir og sjå videoar om dåp på Den norske kyrkja sine sider: https://kyrkja.no/dåp

Tekst: Torbjørn Sæle

Foto: Bo Mathisen, kyrkja.no

Tilbake