Ungdomar i Masfjorden møtest for å ha det kjekt saman både ute og inne! Meld deg på seinast 31. oktober.
Når:
Frå fredag 5. november om lag klokka 21:30 (rett etter konfirmantfesten)
Til søndag 7. november klokka 15:00
Kvar:
Hytte ved Stordalen fjellstove.
Kven:
Ungdomar i Masfjorden som går i 10. klasse eller er eldre, enten dei er konfirmert eller ikkje. Har du vorte kjent med nokon om bur ein anna stad som du har lyst å ha med så ta kontakt direkte, - kanskje me har ledige plassar.
Kva:
Ungdomsleir med likeverd, fellesskap, aktivitet og samlingar med rom for refleksjon over livets store spørsmål, tru og tvil, kjensler og grenser, tilgjeving og forsoning, bibel og bøn, venskap og relasjonar. Sjølvsagt har me lystenning for kvar enkelt om kvelden!
Mat og overnatting:
Me har to hytter hjå Stordalen fjellstove med til saman 15 sengeplassar frå fredag til søndag.
Måltida lagar me saman. Frukost laurdag og søndag, nistemat til tur, kakao etter tur med marshmellows, taco laurdagskvelden? Eg handlar maten.
Laurdag:
Kajakkaktivet for dei om ynskjer det, dersom det blir høveleg vær. Regn, snø og kuldegrader toler me, men ikkje noko særleg vind. Maks 10 stk på denne aktivteten. Andre går ein tur eller leikar.
Martha Thorsheim leiar denne økta og ho skriv:
Det blir leik og moro på vatnet i kajakk. Målet er at vi skal bli betre kjent med oss sjølve, kvarandre og kajakken. Du treng ingen forkunnskaper for å være med. Dersom du er med på heile økta (2-3 timer) kvalifiserer du til våttkort (introduksjonskurs i kajakk). Eg kan skrive ut dette til dei som ynskjer det for 100 kr per person.
Skal du på kajakkaktivitet må du ha med deg:
Kajakk - åre - vest - regnklede - ullunderklede - ullsokker - votter (ull) - hue - hals - tørt skifte - varm drikke – matpakka. Ikkje alle har dette utstyret, så då må me låna. Gje melding ved påmelding om kva du har av utstyr og om du har tilgang på ekstra utstyr, trekk, åre, kajakk, vest, høve til å transportera opp kajakk på tak eller har hengar eller hengarfeste.
Søndag:
Fjelltur eller rusletur. Har du tips til ein tur?
Utvask og heimreise klokka 15:00
Praktisk:
Ta med laken, dynetrekk og putevar.
Toalettsaker
Eit spel du likar
Varme og tørre klede til å vera ute,
Kleskift
Meld deg på her.
Påmeldingfrist søndag 31. oktober.
Helga og Torbjørn ser fram til ei helg med leik, moro og uteaktivitet saman med deko!
Eg er leiar på heile leiren. Torbjørn Sæle, sokneprest, vert med fredag og deler av laurdag. Ynskjer å ha med ein forelder frå laurdag til søndag. Ta kontakt om du har lyst og høve.
Dersom du ynskjer våttkort så ta med 100,- kroner for kortet.
Frå Martha sin CV:
Eg er 36 år gammel. Har studert idrett på høyskolen i Bergen med spesialisering i blant annet friluftsliv. Eg elsker å være utendørs, og mine hobbyer er skiturer, gåturer, kajakk og kanopadling, klatring for å nevne noen. Eg har drevet med kajakkpadling siden 2013, og vært kajakkinstruktør siden 2015. Eg har jobbet som kajakkguide og kajakkinstruktør siden 2015, både for spesialisthelsetjenesten og flere private aktører. I tillegg til instruktørutdanning i kajakk har eg også vært på kurs i kajakkpadling for ungdom som slit med psykisk sjukdom. Eg er livsglad, engasjert og opptatt av at folk skal få en god mestringsopplevelse av å være ute i den frie natur. Eg er tålmodig, tar sikkerhet alvorlig og er opptatt av at vi skal ha det mest mulig morsomt på tur.
Helga Ekehaug
Trusopplærar
Kyrkja i Masfjorden