Gravferd i Masfjorden


Når ein av våre nære og kjære dør er det ein del som skal organiserast. 

 

 

Praktisk info:

Det lettaste er ofte å bruka eit gravferdsbyrå til å hjelpe ein med å organisere gravferda. Då hjelper dei med nødvendig planlegging, papirarbeid og gjer avtalar med kyrkjekontoret. I vårt område er det vanligast å bruka Vatne Begravelsesbyrå eller Nordhordland Begravelsesbyrå. ( Ved å peike og klikke på namna, kjem du fram til heimesida deira.)
Men ein kan også ordne ting sjølv. Då er det lurt å starte med å kontakte kyrkjeverje Eli Eidsnes på tlf 56 16 62 61. Saman finn ein passande dag, ynskja gravplass og kyrkje. Kyrkjeverja ordnar vidare avtale med prest, organist og gravar. 

 

Tidspunkt for gravferda

Gravlegging skal skje seinast 10 verkedagar etter dødsfallet dersom avdøde ikkje vert kremert. Då skal urnenedsetjing seinast skje innan 6 md.


Rett til å syte for gravferda

Det er dei næraste etterlatne til avdøde som har rett til å syte for gravferd. Gravferdslova fastset retten til å syte for gravferd i slik rekkjefølgje; ektefelle, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. Om det før dødsfallet er sett fram skriftleg erklæring om kven som har denne retten, skal denne ha fortrinnsrett.


Grav

Alle innbyggjarar i Masfjorden kommune har rett til fri gravlegging og fri grav på gravplassen ein soknar til. Ved gravlegging, er det også høve til å reservere grav attmed, td. til attlevande ektefelle. Den reserverte grava vert då ei betalingsgrav, både i reserveringstida og når grava vert tatt i bruk seinare. Ein har høve til gjenbruk av eksisterande grav under vilkår av at grava ikkje er freda, og at festar samtykkjer i at grava kan opnast for gjenbruk. Dette vert ei betalingsgrav.  Askeurne kan setjast ned i freda grav.


Utabygds gravlegging

Også personar som ikkje var busett i kommunen kan gravleggast her. Men det vert då kravd avgift for gravfeste, kiste- eller urneavgift, samt seremoniavgifter hvis ein skal ha kykjeleg seremoni i samband med gravlegginga. 

 

Avgifter vedtekne 14.06.2023:

  • Kisteavgift  kr 16.800 (inkl. mva)
  • Urneavgift  kr    8.400 (inkl. mva)
  • Festeavgift kr 300 pr.år (vert kravd inn for 5 år i gongen)  
  • Leige av kyrkje: kr. 1.700
  • Tenestefunksjon, kyrkjemusikar: kr. 3.300
  • Tenestefunksjon, kyrkjetenar: 1.500                  (Totalt for seremoni kr. 6.500)

Desse takstane er for gravferd der avdøde var folkeregistret i anna kommune enn Masfjorden.

 

Styringsdokument for gravferdstenestene kan ein lese her:

Tilbake