Søndag 20. september, som er 16. søndag i treeiningstida var det endeleg duka for konfirmasjonsgudsteneste i Solheim kyrkje.
Dette var ein dag som mange hadde venta på lenge. Dei tre konfirmantane Sivert Kvamsdal Håvåg, Bendik Rugseth Kvamsdal og Ulrik Vågseth kom høgtideleg spaserande inn kyrkjegolvet i kvite kappar saman med trusopplærar Helga Ekehaug og prest Harald Sundsbø. Endeleg var det deira tur. Kyrkja var så full som den kunne vere med festkledde gjestar og familie til stades. Det flotte var at med god organisering i forkant var det plass i kyrkja til alle inviterte.
Helga, Sivert, Ulrik og Bendik presenterte Kristuskransen og betydinga av alle trusperlene som minna oss om viktige sider ved vår kristne tru. Dei var tydelege og trygge i framføringa.
Ordet konfirmere betyr bekrefte eller styrke. I Den norske kyrkja er konfirmasjonshandlinga ei forbønnshandling der ein ber Gud om å velsigne og å styrke hvar enkelt konfirmant.
Konfirmantane knela ved alterringen, der presten og trusopplærar ba for den enkelte med handspålegging.
Trusopplærar avslutta gudstenesta med å takke konfirmantane for tida ilag, med gode ord og diktet «Våg å være» av gateprest Hans Olav Mørk.
Så vandra konfirmantane høgtidleg ut av kyrkja, ut i verden, kanskje ikkje så vaksne som dei blei etter konfirmasjonen før i tida, men med mange gode ord med seg som: «Våg å være, våg å leve nå, velg veien sjølv og Du er verdifull!»
Det var ei varm og inkluderande konfirmasjonsgudsteneste med fin preiketekst, song og deltaking for oss som var i kyrkja denne søndagen. Takk for ei fin stund.
Tekst og foto : Bente Håvåg