Soknerådet har vedteke at prøveordninga med å ha gudstenester i Sandnes kyrkje kl.12:00, skal halde fram ei stund.
Grunnen til dette er at ein i haust berre vil ha to gudstenester der ein endrar starttidspunktet frå klokka 11 til klokka 12. Det er for lite til at ein kan seie noko om den ynskte effekten, nemleg at folk frå andre sida av fjorden sluttar opp om gudstenester i Sandnes kyrkje, vert oppnådd.
Av den grunn ynskjer soknerådet å forlenge prøvetida med tre månader, altså i januar - mars 2021. Dette vil omfatte tre gudstenester.
Etterpå vil soknerådet evaluere forsøket, både med tanke på om endringane har medført at folk tek ferja over fjorden for å kome seg til kyrkje, og med tanke på dei praktiske konsekvensar det endra tidspunktet har synt seg å ha for folk på sørsida.
Ein oppmodar dei som måtte ha synspunkt på ordningane, det vere seg positive eller negative, om å gi uttrykk for dette til medlemer i soknerådet, eller til medlemer i kyrkjeutvalet for Sandnes kyrkje.
Tekst : Rune Garmann
Bilete: Vibeke Valestreand