Soknerådet har sett ned eit eige utval med sokneprest, organist og tre soknerådsmedlemer for å sjå på dette.
Biletet over: Vikarprest Kristine Bleikli forrettar ved gudsteneste i Sandnes kyrkje.
Det er no sett i gang eit arbeid med å lage ei ny ordning for gudstenestene. Det vil seie at ein ser på dei ulike delane av gudstenestene, og på innhaldet i og rekkjefylgja av desse.
I dag er det opna for til dels store variasjonar i korleis gudstenesta vert feira i dei ulike kyrkjene. Dette ynskjer ein å stramme inn på, slik at gudstenestene vert meir like frå kyrkje til kyrkje. Det vert soleis færre alternativ å velje mellom når ein skal bestemme korleis dei ulike messeledda skal vere.
For Masfjorden sin del vil ikkje den nye ordninga medføre store endringar, av di vår noverande praksis er mykje lik den som er lagt til grunn for den nye ordninga. Men soknerådet har oppnemnd eit gudstenesteutval som skal gå gjennom den nye ordninga og gi ei innstilling på korleis vår gudstenesteordning skal tilpassast dei nye rammene. Utvalet består av vikarierande sokneprest Harald Sundsbø, organist Anne Merthe Reknes, Dina Dyrhovden, Harald Mjanger og Rune Garmann. Venteleg vert innstillinga frå utvalet lagt fram for soknerådet like over nyttår.
Når soknerådet har handsama saka, vil ho verte presentert på soknemøte, som etter planen skal haldast innan 1. mars 2021. Deretter skal saka frå soknerådet med uttale frå soknemøtet oversendast biskopen for endeleg godkjenning.
Den nye gudstenesteordninga skal etter planen takast i bruk til påske 2021.
Tekst og foto : Rune Garmann