Minnegudstenester 7. november


Det blir opne minnegudstenester i Sandnes, Solheim og Frøyset kyrkje på helgemessesøndag 7. november.

 

Dei som har mista nokon siste året er spesielt inviterte, men gudstenestene er opne for alle og utan påmelding.

Mange har opplevd strenge koronatiltak og avstandskrav i samband med dødsfall og gravferd det siste halvanna året. No er det mogleg å samlast fleire, og kanskje kan dette vera eit høve til å samlast i kyrkja og ved grava.

Tidspunkta for minnegudstenestene 7. november er som følgjer:

Sandnes kyrkje kl. 12.00    

Solheim kyrkje kl. 14.30      

Frøyset kyrkje kl. 17.00

I kvar av kyrkjene vil vi lesa opp namna på dei som er døde det siste året i heile Masfjorden sokn og det vi bli tend lys. Takkofferet denne dagen går til Rådet for psykisk helse.

Torbjørn Sæle er prest på alle gudstenestene. Organist er Johannes Lyngset. Han vil også bidra med solosong. Etterpå er dei som ønskjer velkommen til ein enkel kyrkjekaffi i kyrkja.

Tekst: Torbjørn Sæle

Foto: Kyrkja.no

Tilbake