God stemning på konfirmantfesten som i år var for dei to siste konfirmantkulla!
Her var mat, prat ikring bordet og gode ord frå fleire hald. Soknerådet ved leiar, Rune Garman, inviterte og leia festen, prest Torbjørn Sæle bad oss hugsa ordet bli(d), kyrkjeverje Eli Eidsnes fortale om minner frå si tid som konfirmant i Masfjorden. Hennar ord gjorde inntrykk på fleire, for eit av hennar poeng vart teke fram og brukt neste dag på ungdomsleiren. Ho spurde om faren hennar hadde lyst å køyra henne på ei tilskiping for ungdomar. Han svara: "Nei, eg ikkje så lyst, men eg kan godt gjera det likevel".
Konfirmantane i samarbeid soknerådsleiaren vann quizz'en denne kvelden.
Tekst: Helga Ekehaug
Foto: Torbjørn Sæle