Aktivitet ute og inne, refleksjon om rettferd, grenser og kva som er viktig i livet, mykje leik, god mat, fine turar og ein god porsjon Chika bom bom bom!
To lag sette ut for å finna postar og løysa oppgåver i eit 71 grader Nord opplegg i fint men kaldt vær i Stordalen. Stor kopp varm og god kakao når me kom heim inspirerte til å uttrykkja oss med malepensel og fisketroe. Leikar, spel, miming, matlaging fylte leiren med glede, fellesskap, frustrasjonar og meining. Ny ungdomsleir er under planlegging.
Tekst: Helga Ekehaug
Foto: Torbjørn Sæle